Aktivitetsveka 2024

Viktig informasjon

Vi vil snart opprette ei eiga Facebookgruppe for Aktivitesveka 2024. Her kjem utfyllande informasjon om årets aktivitetsveke. I tillegg er den ein kommunikasjonskanal mellom oss og foreldre/føresette til deltakande barn.

Lenke til Facebook-gruppa Aktivitetsveka 2024
FB-sida vert Aktiv når påmeldinga er ferdig. Etter dette vil den bli oppdatert fortløpande, med informasjon om grupper, tid og stad for oppmøte osv. Bli medlem av gruppa (om du ikkje allereie er det).


Om Aktivitetsveka 2024

For 6. året på rad arrangerer vi Aktivitetsveka, denne gong 24. - 27. juni (måndag til torsdag i veke 26, frå kl 09-15). Det blir altså fire dagar i år. Pris: 1600,- , inkludert måltid alle dagane. Tilbodet er gjeldande for årskulla 2015 - 2011 (3. - 7. klasse).


Nedanfor kan du lese litt meir om kva som skjer under Aktivitetsveka 2024


Det er vår, og snart kjem ferien, og då er vi tradisjonstru og arrangerer aktivitetsveke for born som elskar å vere ute i naturen. Dette blir 6. året vi har aktivitetsveke, og som før skjer dette første ferieveke. Vi vil legge ut fullt program om ikkje så lenge på vår heimeside, men kan allereie no røpe at det blir leik og moro på sætrestølar, natursti, klatring i skogen, eigenprodusert pizza i steinovn, matlaging på bål, utforsking og aktivitet i fjøra og mykje meir.