Arkivet

Gjennomførte arrangement

Aktivitetsveka 2019

Sommarferien 2019 gjennomførte vi aktivitetsveke for 3.-7. klassingar. Det vart ein stor suksess. Pizzabaking i fjøra, fjelltur, koking av suppe på bål, og mykje meir. Borna trossa surt vestlandsvêr og tok utfordringene på strak arm. Takk til alle som bidrog! Vi satsar på ny aktivitetsveke i 2020.

Vinterleir 2020

Onsdag 19. til fredag 21. februar hadde vi vinterleir for 7. og 8. klassingar i området Fjellsætra/Nysætervatnet. Det vart ei fin oppleving for dei som var med.

Aktivitetsveka 2020

Coronaen satte ikkje ein stoppar for oss, og vi arrangerte like så godt to aktivitetsveker i 2020. 

Veke 26 og 27 ble to knallfine veker, der deltakarane mellom anna fekk testa orienteringsferdigheitane sine, fiska, bygd barhytte, og tilberedt lammelår i kokegrop! Og på toppen av det heile; knallvér!

Aktivitetsveka 2021 

Var i veke 26. Og for ei veke det var! 66 påmeldte og fem dagar med nye turar og aktivitear. Vi var i Hundeidvika og klatra, skaut med luftgevær, skaut med pil og boge og spelte Kubb. 
Vi hadde lagkonkurranse på Vellingsneset der vi laga deilig fiskesuppe., fiska, klatra og leika oss på svaberg. 
Vi opna bakeri i fjøre på Aursneset. Og vi hadde natursti i Velledalen der vi havna til slutt på Brunstadsætra og laga deilig mat på primus