Kven er vi?
Friluftsgutane er ei aktivitetsgruppe beståande av friluftsinteresserte lærarar frå Sykkylven. Vi har som mål å aktivisere barn og unge gjennom spennande opplevingar i den fantastiske naturen som omgir oss.
Gudmund Rotevatn
Gudmund kjem frå Volda, men har funne roa i Sykkylven. Han er kroppsøvingslærar, og aktiv i Sunnmøre Alpine Redningsgruppe. Gudmund likar å klatre, og meir eller mindre alt som har med frliluftsliv å gjere.
Jan Halvard Holmøy
Jan Halvard er født og oppvokst i Sykkylven. Han er over-gjennomsnittleg interessert i sport og friluftsliv, og driv toppturbutikken Hardhaus. Jan Halvard er også kroppsøvingslærar.
Henrik Øye
Henrik er austlending, men har valgt fjell framfor flatbygd. Han er utdanna sjukepleiar og har bakgrunn frå Forsvaret. Henrik er også kroppsøvingslærar, og trivst særs godt ute, i all slags vêr.